Turi Rudningen
Turi Rudningen driv nøysøm, eit kreativt studio som utforskar gjenbruk og designprinsippet “sy utan søppel”. nøysøm inspirerer deg til å skape og ta vare på din eigen garderobe med handverkskolleksjonar, symønster, kurs og foredrag. Til gjenbruksfestivalen har ho med vintage, design og redesign og produkt laga av tekstilproduksjon- og avfall. Ho viser også døme på reparasjonar og kan gi deg tips og triks for å få ein grønare garderobe.
Les meir om Turi her.

Foredrag: Grøn garderobe
Inspirasjonsforedrag som viser enkle steg mot ein grønare garderobe. Her er det ny kunnskap om klesbransjen og tips og triks for alle uansett nivå: Om du vil lære å skape og ta vare på din eigen garderobe, eller berre ta meir medvitne val i kvardagen.
Turi Rudningen driv nøysøm, eit kreativt studio som utforskar gjenbruk og designprinsippet “sy utan søppel”. nøysøm inspirerer deg til å skape og ta vare på din eigen garderobe med handverkskolleksjonar, symønster, kurs og foredrag. Etter å ha jobba 15 år som arkitekt, sydde Turi seg til finala i symesterskapet på NRK, og bestemte seg for å gjera ein forskjell i klesbransjen. Før ho starta nøysøm var ho prosjektleiar for oppstarten av ReTuren syverkstad for Stavanger Turistforening og dreiv dette i 3 år.
Anders Riel Müller
Hans opprinnelige navn er Song Yeongjun/송연준. Han er førsteamanuensis i by- og regionalplanlegging ved Universitetet i Stavanger. Han forsker på kulturelle, politiske og økonomiske forhold i samfunnsomstillinger, med vekt på rettferdighet, demokrati og alternative økonomier. Han har en phd i globale studier fra Roskilde Universitet i Danmark.
Les mer om Anders her.
